Verdien av kulturlivet for Voss

Verdien av kulturlivet for Voss!

Samfunnsøkonomisk analyse har på oppdrag frå Norsk musikkråd, Norske Kulturarrangører, Norsk jazzforum, Creo – forbundet for kunst og kultur, NOPA - Norsk forening for komponister og tekstforfattere i tillegg til Voss herad gjennomført ein analyse av verdien kultur og musikalske opplevingar har i ein kommune. 

Rapporten vart presentert på fagkonferansen Kreativ verdivurdering – Bygd for kultur. I rapporten vert det vurdert korleis Vossa Jazz og andre kulturelle aktivitetar i lokalsamfunnet gjer Voss til ein betre stad å bu og leva.

Spørsmåla Samfunnsøkonomisk analyse har sett nærare på er: Kva effektar har musikklivet i ein kommune når det gjeld attraktivitet, oppbygging og utvikling av både staden og dei som bur der? Kan ein laga ein modell for å måla samanhengar og effektar? Er det rett og slett ei god investering for det offentlege å bruka ressursar på kulturlivet?

 Rapporten viser tydinga av musikklivet for utvikling av lokalsamfunn, og for at folk skal ynskja å leva, bu og utvikla stadar og samfunn utanfor storbyane. Folketalet i Voss herad veks meir enn kommunar av same storleik og sentralitet. Voss veks òg meir enn andre reiselivskommunar og kulturkommunar. Dette kan, ifylgje rapporten, ikkje forklarast med anna enn at Voss er ein meir attraktivt stad å bu som fylgje av fritids- og kulturlivet i kommunen.

Vinsten for ein middels stor distriktskommune som Voss av et levande musikkliv og ein musikkfestival som Vossa Jazz, er omlag 272 millionar kroner knytt til verdiskaping i kunst og kultur og 535 millionar kroner i form av innbyggjarar som vel å bu i Voss herad. Det siste handlar om eit levende musikkliv som gjer det meir attraktivt å bu i kommunen, slik at rundt 350 fleire vert verande, kjem attende og vel å etablera seg i kommunen.

Å legga til rette for musikk og kultur bidreg med andre ord både til eit meir levande lokalsamfunn, at fleire vert buande, ei høgare verdiskaping og auka skatteinntekter

Heile rapporten finn du her (PDF, 3 MB)