Søk SMIL 2024

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har som formål å fremje natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og å redusere ureining frå jordbruket - utover det som vert venta av vanlig jordbruksdrift. 

Søknadsfrist 1.mai

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) har som formål å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og å redusere forureining frå jordbruket. Tiltaka ein søkjer på skal vere utover det som er venta av vanlig jordbruksdrift. Tiltak knytt til landbrukseigedomer der det føregår produksjon som gjev rett til produksjonstilskot kan søkje. 

Voss herad har midlar til prosjekt som omfattar

-       tiltak for å hindra erosjon, ureining og avrenning frå jordbruksjord

-       tiltak for eit meir klimavennleg og klimatilpassa jordbruk

-       tiltak mot utbreiing av framande, skadelege artar

-       rydding av kulturmark, tiltak for biologisk mangfald,

-       ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø

-       planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.

-       tiltak for tilgjenge og auka opplevingsverdi i landskapet

Det kan og løyvast støtte til tak på gjødselkum

Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Det er eit vilkår at tiltaka skjer på jordbrukseigedomar med produksjon som gjev rett til produksjonstilskot.

Tilskot til kulturminne kan t.d. nyttast til restaurering av verneverdige bygg, gjerne bygg  som ikkje lengre vert nytta og er i ferd med å forsvinne, t.d. utløer og vårflorar, gjerne sett i samanheng med kulturmiljøplan for Voss herad.  Slike prosjekt kan det også vere mogleg å få støtte til frå andre som t.d. “Ta eit tak”  midlar frå Norsk Kulturarv og andre aktørar. 

Lokal tiltaksstrategi for Voss (PDF, 274 kB) er styrande for prioritering. Prosjekt knytt til klima- og energiplan; Vossaklima 2030  og fellesprosjekt vert prioriterte.

Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag. Meir info og lenke her.

Kontakt Voss herad: Kari Mostad, tlf: 979 97 150, epost: kari.mostad@voss.herad.no