Teknisk > Planlegging > Vatn- og avlaupsplanlegging

Vatn- og avlaupsplanlegging

Frå bygging av høgdebasseng på Rogne. Jakob Håheim

 

VA-rettleiing er for alle som har idear og ynskjer om utbygging i Voss kommune. Det gjeld både offentlege og private tiltakshavarar og planleggjarar.

VA-plan gjev og rettleiing av korleis ein kan tilpasse seg til godkjente VA-planar.

Fagområde VA-plan

Fagområde VA-plan har følgjande ansvarsområde:

  • Hovudplan for vatn.
  • Hovudplan for avløp.
  • Planlegging, prosjektleiing og byggjeleiing for kommunale VA-anlegg.
  • Offentlege og private områdereguleringsplanar (relevant VA-del)
  • Offentlege og private detaljreguleringsplanar (relevant VA-del)
  • Utbyggingavtale (relevant VA-del)

Vi svarar på generelle spørsmål knytt VA-planlegging. Aktuelle spørsmål vi kan svare på er:

Kostnader knytt til VA-plan

Det å ta kontakt med VA-plan og eventuelt ta eit rådgjevingsmøte er kostnadsfritt. Dersom ein vel å sette i gang ein formell reguleringsplanprosess er det knytt kostnader til ulike fasar i planleggingsprosessen.

Handsaming av private VA-planar i samband med detaljreguleringsplanar er inkludert i fastsett gebyrregulativ for private detaljreguleringsplanar i Voss.

I utgangspunktet utløyser ikkje utarbeiding av områdereguleringsplanar krav om gebyr. Men kommunen kan inngå avtale med private om utarbeiding av privat områdereguleringsplan.

 

Slik nyttar du tenesta

Generell informasjon og rettleiing om utstrekning av kommunale VA-anlegg og mogligheiter for tilknyting kan ein få ved å kontakte VA-plan.

 

Spørsmål som gjeld drift av kommunale vass- og avløpsanlegg og påkopling til offentleg leidningsnett, finn du under drift (link til Driftsavdelinga-VA).

 

Ved å kontakte Drifsavdelinga-VA kan privatpersonar også få utlevert tilgjengeleg VA-grunnlagsinformasjon på eigedommar der vedkommande er eigar.
Vossakart er karttenesta for Voss kommune. Her finn ein opplysningar og informasjon om gards- og bruksnummer, adresse, eigedomsgrenser osv. 

Det er ein fordel å orientere seg om utstrekning av kommunale og private VA-anlegg før ein set i gang planleggingsprosessen med reguleringsplan. Ein bør orientere seg i:

Kommuneplanen sin arealdel – link.

Føresegner og retningslinjer til arealdelen

Drikkevassforskrifta

Forureiningsforskrifta

Sjekkliste for oppstartsmøte reguleringsplan (relevant VA-del)

Gjeldande forskrift om VA-gebyr i Voss kommune

VA-norm i Voss kommune

Avløp - oversikt over kommunens myndighet og plikt

Sanitært og kommunalt avløpsvatn - Retningslinjer til Fylkesmannen (TA-2237/2007)

Vassforskrifta

Om tiknytning av hytter til felles avløpsanlegg med hjemmel i PBL av advokat Guttom Jakobsen

Lov om kommunale VA-anlegg

Om samvirkevassverk/partsvassverk - skattefritak etter skatteloven § 2-32

 

VA-plan har som mål å svare fortløpande på generelle VA- førespurnad som er teke på telefon og e-post.

Planavdelinga prøver å gjennomføre oppstartsmøte innan 14 dagar etter tinging av oppstartmøte er sendt inn. VA-plan deltar på oppstartsmøtet.

Fristar for sakshandsaming av planforslag med relevant VA-del er fastsett i plan og bygningslova § 12-10

Handsaming av plansaker med relevant VA-del vert styrt av når det er politiske møter i kommunen. Plansaker vert behandla i FPL (Formannskap, plan og økonomi) og KST (kommunestyret) møteplan

 

 

Ta direkte kontakt med VA-plan for spørsmål:

Kontaktperson:

Jakob Håheim

56523265/95262045 jakob.haheim@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?