Biogass

Voss kommune tok i april  2016 initiativ til å starta eit prosjekt kalla «Forprosjekt for etablering av biogassanlegg basert på organiske produkt». Samarbeidspartnarane er administrasjon i Voss kommune, Samstyret for Bondelaga på Voss/Voss bonde- og småbrukarlag, Indre Hordaland Miljøverk, NIBIO Ullensvang, Fylkesmannen i Hordaland, Voss Energi og Lindum AS. Prosjektet er støtta økonomisk av Fylkesmannen i Hordaland ved tilskot frå klima og miljøprogrammet i jordbruket og frå Kraftfondet i Voss kommune.

Internasjonalt ser ein at produksjon av biogass brer om seg i fleire vestlege land. Spesielt i Tyskland er det stor biogassproduksjon med over 3700 prodsenter. Mange av desse produsentane er landbruksverksemder som produserer biogass basert på organisk husdyrgjødsel. Fortenesta frå biogassproduksjonen er avgjerande for at dei kan oppretthalde mellom anna mjølkeproduksjonen.

 

Produksjon av biogass er forholdsvis ny produksjon i Noreg, og kompetansenivået hjå forvaltninga er ennå mangelfullt. Voss kommune er den største landbrukskommunen i Hordaland. Bakgrunnen for igangsetjing av forprosjektet var at me ynskja å auke kompetansen til forvaltninga, slik at me vert betre i stand til å kunne vurdere moglegheiter og potensiale for etablering av eit nytt biogassanlegg. I Voss kommune er det i dag gassproduksjon i eit mindre biogassanlegg knytt til det kommunale reinseanlegget på Gjernes og eit deponigassanlegg basert på den gamle søppelfyllinga på Bjørkemoen. Restproduktet frå anlegget på Gjernes og slam frå hushaldet vert køyrt ut av kommunen, med den kostnad og det tap av næringsstoff som det medfører. Våt-organisk avfall vert køyrt til Lindum Bioplan sitt anlegg i Tyssedal i Odda. I ei verd der ein anslår at førekomstane av mellom anna mineralfosfor vil vera tømt i løpet av perioden 2035-2075, må me i større grad legge til rette for å kunne tilbakeføre næringsstoff frå organisk gjødsel til ny jordbruksproduksjon.

 

Ei anna trend er at husdyrproduksjonen vert organisert i større einingar. Dette gjer at lagerkapasiteten for husdyrgjødsel kan verte sprengt, og med det vert det trong for alternativ lagerkapasitet. Dette kan til ein viss grad kompenserast med å leige lagerkapasitet i driftsbygningar og utelager hjå produsentar som har slutta med husdyrproduksjon. Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBO) VOL.: 2, NR.: 9, 2016, på oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland, visar at blant større mjølkeprodusentar i Hordaland har 39 % mindre lagerkapasitet for husdyrgjødsel enn kravet på 8 månader. Av desse kan 70 % tenkje seg å levere gjødsel til eit biogassanlegg i nærleiken om dette hadde eksistert.

 

Klikk for stort bilete

 

Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?