Bålbrenning

Bålbrenning i, eller i nærleiken av, skog er ikkje tillete i perioden 15. april til 15. september.

Å tenne bål er ein allemannsrett i Noreg. Det kan derimot vere nyttig og setje seg inn i lovverket rundt bålbrenning. Når det er lov til tenne opp open eld utandørs er regulert i Forskrift om brannforebygging. På Tursiden finn ein gode råd både om lovverk og trygg bålbrenning heile året.
 

Voss kommunestyre har vedteke ein eigen forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar (PDF, 74 kB). Denne vart sett i verk 01.01.2003.


Unntak

I følgje § 4 i forskrifta er open brenning og brenning av avfall i småomnar forbode med mindre anna følgjer av forskrifta sin § 5.

Unntak frå forbodet (§ 5 i forskrifta):

a) Grilling av mat på utegrill*
b) Matlaging/brygging/klesvask på utandørs eldstader (gjeld kun ved bruk av reint trevirke)
c) Open brenning i utepeis og til kaffibål (gjeld kun ved bruk av reint trevirke)
d) Opptenning med avispapir og brenning av reint trevirke, kol og koks i vedomn/koksomn
e) Eldstader (innandørs/utandørs) for tradisjonelt handverk/kunsthandverk der det vert nytta kol, koks, gass eller reint trevirke
f) Brenning av trevirke (spik) for utvinning av tjøra
g) St. Hansbål og Olsokbål. Unntaket gjeld kun for næringsverksemder, lag og organisasjonar. Det er kun tillate å brenna reint trevirke.Lokalisering av bålplassen skal avklarast med brannsjefen i kommunen.
h) bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap på gardsbruk


* Prestegardsmoen gjeld dette kun på tilrettelagde grill/bålplassar.

 

Fann du det du leita etter?