Skogbruk

Skogbruk

Bjørn Hystad

 

Voss er den største skogbrukskommunen i Hordaland. Skogen er viktig for tømmerproduksjon, dyreliv og rekreasjon for ålmenta.

Av det totale arealet i Voss kommune på 1815 000 daa er 870 000 daa skogkledd. Av dette er 311 000 daa økonomisk drivverdig areal. Innanfor dette arealet ynskjer Voss kommune å tilretteleggja for eit aktivt, økonomisk skogbruk.

Voss kommune vil og leggja vekt på miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv.

Mesteparten av skogarealet i Voss kommune er privat eigd. Men også Statens skogar, Opplysningsvesenets fond og kommunen eig skog.
Det er om lag 1000 skogeigarar i kommunen med eit gjennomsnittleg areal på 300 daa.

 

Fann du det du leita etter?