Tilskot til investeringar i beiteområde

 

Om tilskot til tiltak i beiteområde:


Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskotet er heimla i forskrift om tilskot til tiltak i beiteområde.  Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområder. I hovudsak er det beitelag som kan søkje på dette tilskotet, men der naturgjevne eller driftsmessige tilhøve ikkje legg til rette for samarbeid har og enkeltbeitebrukarar
også tilgang til å søkje på tilskotet. 
Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Her nemner vi nokre tiltak som kan vere aktuelle for tilskot:


· Sanke- og skiljeanlegg
· Bruer dimensjonert for dyr og folk
· Sikring av skårfeste
· Gjetarhytter/sankehytter
· Diverse andre investeringar som til dømes driftsvegrydding, saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.


Søknad


Beitelag (og evt andre) sender søknad om tilskot til sin beitekommune.
Søknadsfrist 15.mars 2016. Bruk søknadsskjema og hugs naudsynte vedlegg. 
Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannens landbruksavdeling saman med sin uttale innan 1. april. Fylkesmannen handsamer søknadene snarleg i samråd med Beiteutvalet og svar kan ventast medio mai. Meir om ordninga finn du på Fylkesmannen i Hordaland sine heimesider.