Våtrom

Følgjande kan du gjere utan søknad:

  • Ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining
  • Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining
  • Bygging av våtrom i nytt tilbygg der verken samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget er over 50 m2, og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike brukseiningar (til dømes i blokker) så lenge arbeida ikkje rører brannskilje mellom brukseiningane

Følgjande krev kvalifisert føretak:

  • Arbeida bryt skilje mot anna brukseining (brannskilje, lydskilje)
  • Bygging av våtrom i nybygg fylgjer søknadsplikta for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarlege føretak for nybygget
  • Våtrom i nytt tilbygg over 50 m2 fylgjer også søknadsplikta med krav til ansvarlege føretak. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld sjølvbyggjarreglane
Fann du det du leita etter?