Seksjonering

Seksjonering er oppdeling av bygningar i eigarseksjonar. Ein eigarseksjon er ein sameigeandel i eigedom som er bygd på, med tilknytt einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.

Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane og liknande.

 

Seksjonering og deling av eigedomen:

Dersom eigedomen kan delast kan det vera fordelaktig å dela i eigne gnr./bnr framfor å seksjonera. På denne måten unngår ein ein del ulemper og problem ved seinere utbygging og disponering av eigedomen.

Du må då søkja om å dela eigedomen  i staden.

 

Seksjonering av søknadspliktige byggetiltak:

Hugs at du også må søkja om godkjenning av byggesaka dersom seksjoneringa føreset søknadspliktig byggearbeid på bygget/tomta.

 

Korleis søkjer eg om seksjonering:

Innanfor seksjonering driv ikkje kommunen generell rettleiing/rådgjeving av kunder. Vi rår til at ein tek kontakt med adokat eller eigedomsmeklar for utabeiding av søknad og vedtekter.

Send søknadskjema til kommunen, med følgjande vedlegg:

  • Situasjonsplan (kartutsnitt som viser eigedomsgrenser og bygg på eigedomen)
  • Planteikningar
  • Vedtekter

Sakshandsamingstid:

Kommunen skal handsama seksjoneringssøknaden og registrera seksjonane i matrikkelen innan 12 veker etter at komplett søknad er motteken, jf eigarseksjonslova § 14.

Skjema:

Her finn du søknadsskjema for seksjonering og reseksjonering, med rettleiing: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/forskrift-om-bruk-av-standardisert-soknad-om-seksjonering/id2582704/

Fann du det du leita etter?