Påbygg

Påbygg er ein konstruksjon oppå eksisterande bygg. Du ynskjer til dømes å heva taket for å innreia loftet. Dette er søknadspliktig til kommunen, og stiller meir krav til teknisk kompetanse. Ynskjer du eit påbygg må du difor ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

 

Tilbygg:

Ynskjer du å byggja på sida av eksisterande bygg, f.eks. å utvida stova di, så blir dette kalt eit tilbygg i lova. Du kan søkja om tilbygg som er under 50 m2 sjølv. Større tilbygg krev profesjonelt føretak. Sjå rettleiing for meir informasjon.