Hyblar og utleigehusvære

Skal du laga nye bueiningar, til dømes hyblar eller utleigehusvære i bustaden din, må du ta kontakt med eit profesjonelt føretak. Føretaket står ansvarleg for tiltaket og søknaden til kommunen. Dette gjeld også viss du skal dela opp eksisterande husvære til fleire.

 

Nye bueiningar skal i utgangspunktet innreiast i bustaden. For større eigedomar er det mogleg å plassera sekundærhusværet i uthus eller garasje.