Situasjonsplan

Byggesøknaden skal innehalda ein situasjonsplan. Dette er ein type kart som du hentar på kommunen si heimeside, der du teiknar inn omrisset av det planlagde byggetiltaket. Informasjonen du sender inn, vert brukt til å plassera tiltaket ditt i offentlege kart, og som dokumentasjon på at alle avstandskrav i lova er overhalde.

 

Kartet skriv du sjølv ut via vossakart. Evt. reguleringsplaner som legg føringar på tomta finn du i planarkivet.

 

Kartet du sender til kommunen skal tydeleg vise

  • lengd og breidd på tiltaket
  • møneretning
  • avstand til nabogrense og veg
  • avstand til annan bygning
  • parkering, snuareal dersom du skal byggja garasje

Vi rår til at situasjonsplanen vert teikna i 1:500.

Fann du det du leita etter?