Nye byggereglar 01.07.15

Frå og med 1. juli kjem det endringar i byggereglane, som skal gjere det enklare og setje opp mindre tiltak på eiga eigedom. Dette gjeld mellom anna mindre garasjar og uthus, mindre tilbygg, mindre murar osv.

 

Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) har laga mykje godt rettleiingsmateriell, og enkle verktøy for å hjelpe dykk å finne ut om det som skal byggast er unntatt søknadsplikt. Nettsida finn de her. 

 

Som det kjem fram av nettsidane til Dibk, skal ikkje kommunen ta stilling til konkrete tiltak, og heller ikkje gi «byggeløyver» utan søknad. Det vi kan hjelpe med, er å sjekke om tomta ligg i regulert område, og i så fall kva plan som gjelder.

 

Vidare sjekker vi VA-kartet vårt, for å sjekke om det går kommunale vatn/avløps-ledninger over tomta, byggegrensa til disse er i så fall 4 meter. Utfyllande spørsmål om avstandar og tiltak kan de ta med driftsavdelinga. 

 

Vi rår på det sterkaste til at de snakkar med naboane og evt. kommunen i god tid før byggestart, og minner om at du som tiltakshavar (byggherre) sjølv må vurdere tiltaket og står ansvarleg for at alt vert rett. Dersom ein er i tvil, bør ein vurdere å søkje kommunen om byggeløyve på vanleg måte.  

Fann du det du leita etter?