Nabovarsel i byggesak

Alle søknadspliktige byggetiltak skal nabovarslast før søknaden vert sendt inn til kommunen, jf. plan- og bygningslova § 21-3. Normalt skal du varsla alle eigedomar som grensar til eigedomen din eller ligg rett over vegen for eigedomen din.

Manglar du liste over naboar som skal varslast? Dette kan du bestille hjå byggesak eller via Infoland.

  • Nabovarsel skal sendast sjølv om det ikkje er bygd på naboeigedomen.
  • Dersom det er registrert fleire eigarar, skal alle varslast.
  • Sameige/seksjonar/fellesareal skal varslast ved styret, ved til dømes styreleiar. Er det ikkje valt styre, må alle medeigarar varslast.

Overordna saksgang for nabovarsling:

1.    Søkjar fyller ut skjema for nabovarsel, og legg ved alle vedlegg (sjå nedanfor).

2.   Det skal vera ein frist på minst to veker for å motta merknader.

3.    Søkjar sender rekommandert eller leverer nabovarsel. Husk kvittering frå nabo/posten på skjema 5156.

4.    Alle merknader skal sendast til søkjar.

5.    Etter at minst to veker har gått frå nabovarsel vart sendt, sender ein komplett søknad til kommunen, inkludert gjenpart av nabovarsel, skjema 5155, og alle merknader.

 

Kva nabovarselet skal innehalda:

Det er viktig at naboane får god informasjon om tiltaket, slik at dei kan ta reell stilling til kva tiltaket inneber og kva for praktiske fylgjer det vil få for dei. Nabovarselet skal difor innehalda dei same opplysningane som ved søknaden til kommunen, dvs normalt situasjonsplan, teikningar av tiltaket i 1:100 og eventuell dispensasjon.

 

Dersom det kjem merknader ved nabovarselet:

Viss nokon av dei som er varsla har merknader, skal kopi av merknadene leggjast ved saman med ei vurdering frå søkjar. Vurderinga må innehalda ei skildring av kva som er gjort for å imøtegå merknadene, eventuelt argument om kvifor dei ikkje er imøtegått.

 

Kor lenge varer nabovarselet – gyldig i eitt år

Dersom søknaden vert sendt kommunen seinare enn eitt år etter utsending av nabovarsel, skal det sendast nytt nabovarsel til alle naboar og tverrbuarar, jf.  byggesaksforskrifta § 5-2.

 
Fann du det du leita etter?