Korleis søkjer du om byggeløyve

 

  1. Skriv ut situasjonsplan og teikn byggetiltaket inn på dette kartet. Hugs å setja mål på tiltaket, samt avstand til grense og bygg i nærleiken.
  2. Ting naboliste hjå byggesak eller infoland.no.
  3. Send ut nabovarsel basert på motteken naboliste. 
  4. Når fristen på to veker for eventuelle nabomerknader har gått ut, kan du sende saka til kommunen:
    • Søknadsskjema (Elektronisk via ByggSøk eller papirblankett 5153 eller 5174 og 5175 )
    • Gjenpart av nabovarsel
    • Eventuelle nabomerknader med dine kommentarar
    • Eventuelt søknad om dispensasjon.
    • Situasjonsplan i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), altså tiltaket ditt innteikna på kartet du fekk frå kommunen. 
    • Teikningar av tiltaket, med plan, snitt og fasade i 1:100.