Førehandskonferanse i byggesaker

For større byggesaker kan ein førehandskonferanse vere nyttig. Ein førehandskonferanse er eit møte mellom kommunen og deg, og krev førebuing frå deg. Formålet med møtet er å avklare innhaldet i kommunale planer og andre krav som er relevante for byggeplanane.

Typiske spørsmål kan vere

  • uklare reguleringsføresegner
  • behov for dispensasjon
  • krav om ansvarlege føretak
  • krav om uavhengig kontroll
  • uttalar frå andre mynde

Førehandskonferansar er ikkje ordinær sakshandsaming

Førehandskonferansen må ikkje forvekslast med sakshandsaming. Det vil ikkje bli tatt avgjerder som er bindande for saka vidare. Kommunen kan til dømes ikkje ta ei avgjerd på om dispensasjon kan gjevast, berre gi opplysning om eventuelle dispensasjonar som er naudsynte for det aktuelle tiltaket, og kva reglar som gjeld for dispensasjon.

Referat

Det skal førast eit kort referat frå førehandskonferansen. Referatet skal dokumentere føresetnadene som er lagt til grunn i møtet, og dannar grunnlag for vidare handsaming i saka. Vanlegvis skal referatet godkjennast av begge partar og signerast i møtet, men vil nokre gonger bli sendt i posten viss det er forhold som må avklarast etter møtet.

 

Fann du det du leita etter?