Ferdigattest i byggesaker

Alle søknadspliktige tiltak skal ha ein ferdigattest før dei kan takast i bruk. Dette gjeld både mindre tiltak som du sjølv står ansvarleg for, og større tiltak med profesjonelle føretak involvert.

Kommunen gir ferdigattest når det kan dokumenterast at tiltaket er prosjektert og utført i samsvar med løyvet og plan- og bygningslova

Mellombels bruksløyve

Mellombels bruksløyve kan bli gitt der det står att mindre vesentlege arbeid, og der tiltaket har tilstrekkeleg tryggleiksnivå til å kunne takast i bruk. Dei siste manglane må gjennomførast innan ein frist som kommunen set, for at du skal kunne få ferdigattest.

Skjema

Manglande ferdigattest på eigedomen

Alle byggetiltak skal avsluttast med ferdigattest. Mange tiltak i Voss kommune manglar bruksløyve eller ferdigattest. Dette gjeld spesielt for tiltak frå perioden før nye reglar om ansvar og kontroll vart vedtekne i 1997. Etter endringa av plan- og bygningslova i 1997 vart det sett krav til at kvalifiserte firma, i plan- og bygningslova kalla føretak, skulle ha ansvaret for å senda inn søknadar. Føretaka var også ansvarlege for at tiltaka vart avslutta med ferdigattest, som er kommunen si formelle avslutting av byggesaka.

Kommunen gir ferdigattest når ansvarleg føretak har sendt inn dokumentasjon som stadfestar at tiltaket er utført i samsvar med gjevne løyve og godkjende teikningar. Dei føretaka som har vore godkjende som ansvarshavande i tiltaket, har ansvar for at byggesaka vert avslutta med ferdigattest, sjølv om det har gått fleire år sidan tiltaket vart ferdigstilt.

Ved eldre tiltak kan det vera vanskeleg å få utarbeidd dokumentasjon for ferdigattest, til dømes når dei føretaka som utførte arbeida ikkje er tilgjengelege. Tiltakshavar kan då engasjera annan teknisk kompetanse, til dømes arkitekt, bygningsingeniør eller takstmann, for å ta ein gjennomgang av tiltaket. Ein slik gjennomgang kan gi svar på om tiltaket er utført i samsvar med gjevne løyve og dei krava som var gjeldande på utføringstidspunktet.

Dersom det er spørsmål om kva som kan/må gjerast for å få ferdigattest, kan det sendast ein e-post til byggsak@voss.kommune.no. Oppgi gards- og bruksnummer til den eigedomen det gjeld, gjerne også saksnummer dersom det er kjent.

 

 

Fann du det du leita etter?