Dispensasjon

Dispensasjon frå arealplan

Det finst arealplanar for alle eigedommar i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokale reguleringsplanar. Planane syner korleis eigedommen din kan utnyttast, og er juridisk bindande. Om du ønskjer å bygge noe anna enn det arealplanane legg opp til, må du difor søke om dispensasjon eller om endring av plan.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplanar har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med høve til medverknad frå naboar, og offentlege og private organisasjonar som har interesse i planen. Ein plan skal vere føreseieleg, slik at alle veit kva som gjeld i deira område. Dispensasjon skal difor berre unntaksvis nyttast. 

I følgje plan- og bygningslova § 19-2 kan kommunen gi dispensasjon viss

  • omsyna bak arealplanen ikkje vert vesentleg tilsidesett
  • fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene

Slik søkjer du dispensasjon

Dispensasjonssøknaden skal skrivast i fritekst, og leggjast ved saman med nabovarsel og søknad om byggetiltaket. Søknaden skal seie kva det vert dispensert frå, og innehalde ei grunngjeving for dispensasjonen.

Fann du det du leita etter?