Dette krev ikkje søknad

Nokre mindre tiltak treng du ikkje søkja kommunen om. Desse fritaka gjeld berre søknadsplikta. Det tyder at du er ansvarleg for utføringa. Du må framleis fylgja reglane som gjeld i plan- og bygningslova, byggteknisk forskrift, kommune- og reguleringsplan og kommunale vedtekter.

Viktig å passa på:

  • Unntaket gjeld ikkje dersom kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan har særskilde føresegner. Til dømes må du søkja om tiltak i byggje- og anleggsforbodsonane langs vatn og vassdrag. Tilsvarande gjeld for strandsona.
  • Tiltak som krev dispensasjon frå plan- og bygningslova, vedtekt, forskrift eller arealplan er aldri friteke.
  • Tiltaket må ikkje føre til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller for naboar.
  • For utandørs tiltak må ein halda seg fire meter frå nabogrense og innanfor byggjegrense langs veg.
  • Ein vanleg feil er å oversjå tillaten grad av utnytting på tomta. Mange tomter er fullt utnytta og då kan det ikkje førast opp nye bygg.
  • Ved terrengarbeid må ein undersøkja om det ligg leidningar i grunnen. I så fall må de ta kontakt med ledningseigar for nærmare informasjon og godkjenning. Hugs også å sjekka om terrengendringa er søknadspliktig, sjå byggesaksforskrifta § 4-1 bokstav c nr 6.

Tiltak som kan unntakast

Byggesaksforskrifta § 4-1 og plan- og bygningslova § 20-3 listar opp ein del tiltak du ikke treng søkja kommunen om.

I tillegg har også kommunen bestemt at fylgjande tiltak ikkje er søknadspliktige, jf. plan- og bygningslova § 20-3 bokstav f:

  • Varmepumpe, klimaanlegg, air condition. Maksimalt 1 installasjon for einebustad og 2 installasjonar for andre bygg.
  • Flyttbare leikeapparat. Ingen avstandskrav.
  • Demonterbart basseng.

Etter konkret vurdering

Kommunen har høve til å unnta byggjetiltak frå søknadsplikt etter ei konkret vurdering. For å kunna vurdera om eit tiltak er søknadspliktig, evt. om det kan unntakast frå søknadsplikt treng me ei skildring av tiltaket, samt skisse/kartutsnitt. Førespurnad om søknadsplikt kan sendast til byggsak@voss.kommune.no. Alternativt kan byggesak kontaktast tysdag-torsdag 9-15 på telefon 480 14 584. 

Oppført tiltak i strid med lov eller plan

Byggjer du ulovleg, kan kommunen forlanga at tiltaket blir retta eller fjerna. Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du skulle vera i tvil om tiltaket ditt er søknadspliktig.