Tilsyn § 13 objekt

Eigarar og brukarar av særskilde brannobjekt, bygningar, område m.v., der brann kan føra til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar, vert kalla inn til særlege tilsyn.

 

Kommunane er pålagt tilsyn etter Kapittel 3 - § 13 i Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker.

Tilsynet vert gjennomført som ein systemrevisjon/verifikasjon. Eigar vert gjort merksam på eventuelle avvik frå krav til brannsikring og på andre tilhøve som er det naudsynt å påpeika for å ta vare på helse, miljø og tryggleik. I etterkant av tilsynet vert det sendt rapport til eigar med minst ein månads frist for tilbakemelding. Av tilbakemeldinga skal det gå fram når og korleis avvik og merknader vil verta retta/fylgde opp.

Tilsynstenesta er ikkje omfatta av gebyr.

Kommunen definerer særskilde brannobjekt etter risikokartlegging, og fattar vedtak om registrering. Eigar/verksemd får innkalling til tilsyn i samsvar med frekvens i førebyggingsforskrifta.

I etterkant av tilsynet vert det sendt rapport til eigar med minst ein månads frist for tilbakemelding. Av tilbakemeldinga skal det gå fram når og korleis avvik og merknader vil verta retta/fylgde opp.

Kontaktinformasjon

Postboks 145
5701 VOSS


Tlf. 56 51 46 80
Mobil 99 20 71 71
E-post: brann@voss.kommune.no

Kontaktperson: Geir Ove Pedersen

Fann du det du leita etter?