Feiing og tilsyn

Alle heilårsbustader i Voss kommune som har pipe med eldstad og som har tilrettelagt tilkomst for feiing med godkjent stige/faste trinn på tak, i samsvar med gjeldande forskrifter, eller godkjent feieluke på loft.

Feiing

1. Varsel og gjennomføring av feiing av skorstein i hovudsak annakvart år, basert på behovsprøvd feiing.
2. Opplysningar om tilstanden til skorsteinen.
3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
4. Kontroll av eldstad/fyringsanlegg.
5. Råd i saker som omhandlar piper/fyringsanlegg.
6. Førebyggjande brannverninformasjon.

Tilsyn av fyringsanlegg

1. Varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader kvart fjerde år.
2. Opplysningar om tilstand på eldstaden.
3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
4. Råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkjeutstyr.
5. Råd om plassering og vedlikehald av røykvarslarar.

Prisen for tenesta vert sett i samsvar med kommunalt gebyrregulativ. Lenke

Voss kommune har gått over til sms-varsling av både feiing og tilsyn. Det er tidlegare blitt lagt ein melding til deg i postkassa om at «feiaren kjem».

Denne meldinga er nå bytta ut med ein SMS på din mobil. Dersom du ikkje har mobiltelefon, men er registrert i folkeregisteret med fasttelefonnummer, vil du motta ein talemelding som inneheld den same meldinga som SMS’en gjer.

Klikk for stort bilete

Den som eig eit fyringsanlegg vil få ein sms når feiaren er på vei i området der du bur. Dersom du har fleire telefonnumre og ynskjer å kontrollere om dei opplysningane som ligg inne på deg er korrekt, kan du vitja 

Klikk for stort bilete

for å sjå kva som er registrert på deg. Det er viktig at ein av og til går inn å gjer det då ingen andre enn du som bustadseigar har interesse av å motta informasjon om at feiaren kjem.

Dersom du eig ein bustad, men leiger han ut til nokon andre, er det viktig at brukar blir informert om at feiaren kjem. Det er huseigar sitt ansvar å informere alle som treng denne informasjonen i dykkar bustad.

Her kan De lese kva De må gjere før feiaren kjem.

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?