Skatteoppgjer

Har du betalt for lite forskotsskatt eller blitt trekt for lite i lønn eller trygd, vil du få restskatt året etter. 

Beløp frå kr 20 til kr 99 blir ikkje utbetalt, men vil bli overført til godskriving ved avrekninga til neste år. Beløp under kr 20 fell bort.

Restskatt inklusiv rentetilegg under kr 100 fell bort, og treng ikkje betalast.

 

Har du spørsmål om skatteoppgjeret 
Det kan hende at det er feil godskrive forskotstrekk. Feil forskotstrekk kan ha fleire årsaker, til dømes at arbeidsgjevar ikkje har levert korrekt oppgåve til skattemyndigheitene eller at det er brukt feil skattekommune. 

Ved spørsmål om forskotstrekk kan du kontakte skatteoppkrevjarkontoret på

tlf. 56 52 32 45/47.

 

Har du spørsmål om fastsettinga 
For spørsmål om inntekt, formue og frådrag, kan du kontakte skattekontoret på

tlf. 800 80 000.

Pengar til gode
Du får normalt pengane på bankkontoen din. 

Er pengane overført til ein avslutta konto, vil me få beløpet i retur frå banken.

Me vil då betale ut til ein av dine andre konti eller på utbetalingskort.

Skyldar du statlege eller kommunale krav, kan skatt til gode gå til motrekning av krava. Du vil i så fall få tilsendt brev med informasjon om dette.

Klage på fastsettinga
Fristen for å klage er seks veker etter at likninga er sendt ut. Klage kan sendast elektronisk via skatteoppgjer/klage eller på skjema, RF-1117 via altinn.no