Restskatt

Dersom skatteavrekninga viser at du har betalt mindre i forskot enn fastsett skatt, må du betale restskatt.

 

Restskatten forfell til betaling i to like store terminar. Betalingsfristen blir rekna frå den datoen skatteavrekninga blir sendt ut. Er restskatten under kr 1000, forfell alt i éin termin.

 

1. termin:       3 veker etter utlegg, tidlegast 20. august. 
2. termin:       5 veker etter forfall 1. termin.

 

Restskatt som inklusiv rentetillegg utgjer mindre enn kr 100, treng ikkje betalast. Er du elektronisk brukar får du faktura med betalingsinformasjon i Altinn. Er du ikkje elektronisk brukar vil innbetalingsblankettar bli sendt med posten.

  • Restskatt til Voss kommune kan innbetalast til kontonummer 6345.06.12350
  • Restskatt til Granvin kommune kan innbetalast til kontonummer 6345.06.12342

Du kan sjølv generere KID-nummer på www.skatteetaten.no.

 

Restskatten skal betalast ved forfall. Unntaksvis kan det bli innvilga ein betalingsavtale dersom det ligg føre skriftleg søknad med dokumentasjon over økonomiske forhold.

Om du ikkje betaler restskatten til forfall, vil vi krevje inn det skyldige beløpet. Tvangsinnkrevjing kan medføre pant (utleggsforretning) i eigedelar eller trekk (utleggstrekk) i lønn eller trygd.