Forskotsskatt

Personar med enkeltpersonføretak skal betale forskotsskatt. Dersom du har andre inntekter eller formue av betydning, kan du også få utskriven forskotsskatt.  

 

Betalingsfristar
 

Forskotsskatten forfell til betaling i fire like store terminar. Innbetalingskort blir sendt ut ca. 3 veker før forfall.

  • 15. mars
  • 15. mai
  • 15. september
  • 15. november

Det er skattekontoret som skriv ut skattekort til dei som skal ha forskotstrekk og skattesetel til dei som skal ha forskotsskatt. Skattekort og skattesetel blir normalt utskrivne på grunnlag av dei opplysningane skatteetaten har frå fastsettinga to år tilbake. 

 

Du kan søkje om endring av skattekortet eller skattesetelen din, dersom desse er utskrivne på feil grunnlag. Dette kan for eksempel vere om du har fått nye inntekter, endring av renter på lån eller andre frådrag.

 

Er det ikkje betalt tilstrekkeleg forskot, kan du få restskatt på neste års skattemelding. Ved restskatt vil det bli berekna eit rentetillegg. Dette kan du unngå ved å betale eit tilleggsforskot innan 31. mai.