Endre bankkonto

Har du pengar til gode ved skatteoppgjeret, vil du normalt få desse tilsendt i løpet av 1-2 veker etter at avrekninga er klar. Dei fleste vil få beløpet direkte inn på bankkonto.

 

Utbetaling kun til godkjente kontoar
Skatteoppkrevjarkontoret kan som hovudregel ikkje setje beløpet inn på andre bankkontoar enn dei som er registrerte på skattytar. Dette for å sikre at beløpet blir utbetalt til rett person. Nokre bankkontoar er ikkje eigna til utbetaling av skattepengar, m.a. utlåns-, kreditt- og sperra kontoer.

 

Endre kontonummer i Altinn
Lønnsmottakarar, pensjonistar og sjølvstendig næringsdrivande kan endre kontonummer i Altinn til og med 15. mai.

Aksjeselskap (AS), allmennaksjeselskap (ASA) og norskregistrert utanlandsk føretak (NUF) (upersonleg skattytar) kan endre kontonummer i Altinn fram til august.

 

Endre kontonummer ved å kontakt skatteoppkrevjarkontoret
Når fristen for å endre kontonummer i Altinn er ute, eller om kontonummeret du ynskjer å bruke ikkje er registrert i Altinn, kan du kontakte oss for endring. Me kan registrere nytt kontonummer fram til ca.14 dagar før dato for skatteoppgjer.

Mange ektefeller har felles konto. Banken registrerer kun ein av ektefellene som kontoeigar. Den av ektefellene som kun har disposisjonsrett, vil då ikkje få skattepengane sine inn på denne kontoen. Skatteoppkrevjarkontoret kan likevel utbetale til ein slik konto, der førespurnad frå skattytar er tilstrekkeleg dokumentert.

 

Skatteoppkrevjarkontoret kan endre konto for utbetaling dersom

• me får ein skriftleg og underskriven førespurnad frå skattytar. For verksemder må førespurnaden være underskriven av den/dei som har signaturfullmakt jf. verksemda sin firmaattest.

• skattytar er legitimert (ved skriftleg legitimasjon eller ved personleg frammøte).

• skattytar er kontoeigar eller har disposisjonsrett til kontoen og legg fram dokumentasjon på det.

Konto registrert av oss, vil ikkje kome med på neste års skattemelding. Registeret blir oppretta på nytt kvart år med dei konti som er merka av for bruk av bankane. (Dette gjeld ikkje dei med utanlandsk primærkonto). 

Me vil foreslå at du i forkant av skatteoppgjeret endrar kontonummer i Altinn. Om du ikkje har ein konto eigna for utbetaling av skattepengar, bør du kontakte banken og få oppretta ein slik konto. Dette vil typisk vera ein lønns-/trygdekonto, konto med minibankkort eller ein person-/brukskonto.

 

Utbetalingskort
Dei som har reservert seg, ikkje har eigna konto eller har valt dette som utbetalingsmåte på skattemeldinga, får tilsendt utbetalingskort. Utbetalingskort kan hevast på postkontor og i dei fleste bankar.

 

Utbetaling til konto som ikkje lenger er i bruk
Har du avslutta kontoen din og ikkje fått endra dette innan fristen, vil me prøve å utbetale til den avslutta kontoen. Me vil få beskjed om at kontoen ikkje kan brukast, og utbetale beløpet på nytt til ein annan konto som er registrert på deg, eller sende utbetalingskort. Dette kan føre til at utbetalinga blir forseinka.