Attest for skatt og meirverdiavgift

Ein skatteattest gjev ein status på verksemda sitt mellomverande med skattemyndigheitene. Skatteattesten er gyldig i seks månader.
 

Felles attest for skatt og meirverdiavgift kan bestillast via attestbestilling i Altinn.

Attesten blir produsert same dag og sendt til meldingsboksen din.
 

Du kan også få tilsendt attest ved å kontakte:

 

E-post: skatt@voss.kommune.no

E-post: skattvest@skatteetaten.no

Voss kommune vedtok i 1996 krav om skatteattest for leverandørar av varer og tenester som Voss kommune inngår avtale med.

Fann du det du leita etter?