Tilskot til tilpassing

Har du behov for å tilpassa bustaden din? Då kan du søkja om finansiering til liten eller stor ombygging og/ eller tilpassing. 

 

Kva er tilskot til tilpassing ?

Med tilskot til tilpassing kan du tilpasse bustaden din slik at du framleis kan bu heima, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Dette kan vera enkle tiltak for å betra tilkomsten til bustaden, og/eller større ombygging for tilrettelegging. Tilskot kan gis både til leigebustad og til bustad du eig sjølv. 

 

Kven kan få tilskot til tilpassing ?

- Husstander eller einskildpersonar som har behov for tilpassing av bustad

- Eldre som ynskjer å utføra førebyggjande tilpassingstiltak

Tilpassinga må vera høveleg, og behovet for tilskot vert vurdert i sin heilskap ut frå hustanden sin økonomiske situasjon på sikt.

 

Korleis søkjar du ?

Frå 04.05.16 søkjar du elektronisk til kommunen der du har bustad. Dokumentasjon som må følgje søknadsskjema er nyaste sjølvmelding, to nylege lønns- eller stønadsslippar, oversikt over eventuell gjeld m/terminbeløp pr. mnd. samt kostnadsoverslag på arbeidet du ynskjer utført. Dersom de er eit par, gjeld kravet om dokumetasjon for begge. Her finn du søknadsskjema.

 

Kontaktinformasjon

Voss kommune, kommune nr 1235.

Saksbehandlar: Gro Sølvberg, tlf 930 07 111, epost gro.solvberg@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?