Tilskot til etablering (bustad)

Tilskot til etablering skal bidra til å skaffa egna bustad til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

 

Kva er tilskot til etablering ?

Tilskot kan gis til kjøp av bustad og refinansiering. Tilskot til etablering kan vera toppfinansiering ved kjøp av bustad. Storleiken på tilskotet er avhengig av behovet for bustad, husstanden sin økonomi og moglegheit for andre offentlege stønader. Tilskot kan kombinerast med t.d. startlån og bustøtte. 

 

Kven kan få tilskot til etablering ?

Tilskot til etablering gis til einskildpersonar/husstandea med varig låg inntekt, som ikkje er i stand til å betena fullt lån til egna bustad. Ordninga er behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekna med å få tilskot.  

 

Korleis søkjar du ?

Frå 04.05.16 søkjer du elektronisk til kommunen der du ynskjer å kjøpe bustad/der du har bustad. Dokumentasjon som må følgje søknadsskjemaet er nyaste sjølvmelding, to nylege løns- eller stønadsslippar, oversikt over eventuell gjeld m/terminbeløp pr. mnd. Dersom de er eit par, gjeld kravet om dokumetasjon for begge. Her finn du søknadsskjema.

Kontaktinformasjon

Voss kommune, Postboks 145, 5701 Voss

Saksbehandlar: Gro Sølvberg, tlf 930 07 111, epost gro.solvberg@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?