Kommunale avgifter - ofte stilte spørsmål

  • Ein har kjøpt hus, og har no motteke rekning der delar av terminen gjeld før ein overtok huset, skal ikkje tidlegare eigar betale for den perioden han eigde huset?

Den som er eigar av eigedomen på faktureringstidspunktet, er ansvarleg for betaling av kommunale gebyr. Dersom det ikkje er teke høgde for ubetalte kommunale gebyr ved salsoppgjeret, er det altså kjøparen som er ansvarleg for å betale, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga. Dette vert eit oppgjer mellom tidlegare og noverande eigar.

 

  • Kva skjer med dei kommunale gebyra dersom ein sel huset sitt?

Eigarskifte vert oppdatert hjå oss ved tinglysing av skøyte, slik at vi får oppdaterte opplysningar innan ca. to veker etter tinglysinga. Dersom du skal selje og allereie har motteke faktura for kommunale avgifter, må eventuell oppdeling ordnast mellom ny og førre eigar. Voss kommune kan ikkje dele opp faktura.

 

Fann du det du leita etter?