I tillegg til lovverket nyttar ein retningsliner som tek utgangspunkt i juridiske vurderingar og rettsavgjerder, når takseringa vert gjennomført. Dette gjeld mellom anna for eigedomar, bygningar og driftsmidlar som ikkje kan omsetjast fritt.
Den alminnelege takseringa skal gjennomførast ved hjelp av sakkunnig nemnd og synfararar. Takstutvalet vert oppnemnt som sakkunnig nemnd, jf. § 3 i "Vedtekter for utlikning av eigedomsskatt i Voss kommune".
Skildring av takseringsmetoden:
Skattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønsmessige vurderingar:
Faktaopplysningar om adresser, areal på bygningar og tomter vert henta frå offentlege dataregister. I tilfelle me manglar opplysingar om areal, vert dette målt opp utvendig ved synfaringa.
Skjønsmessige vurdering tek opp både generelle forhold om eigedomsverdiar, og spesielle forhold som påverkar verdien. Dei spesielle forholda fangar me opp gjennom synfaring av kvar einskild eigedom.