Politisk handsaming

Klikk for stort bilete

Roller og kompetanse

Her er oversikt over dei einskilde rollene i prosess med eigedomsskatt:

Kommunestyret tek kvart år stilling til:

  • Bruken av § 7 om fritak frå eigedomskatt, og godkjenning av liste over eigedomar som skal ha fritak frå eigedomsskatt i samsvar med § 5 og § 7.
  • Bruk av botnfrådrag.
  • Fastsetting av skattepromille. Jamfør eigedomsskattelova sin § 11 skal skatten vera minst 2 ‰ og maksimum 7 ‰ promille av eigedomen sitt skattegrunnlag. For 2018 er skattesatsen 3,0‰ på bustadeigedomar, og 7 ‰ på næringseigedomar.

Kommunestyret kan vedta

  • endring av skattesona.
  • ny, alminneleg taksering.
  • "kontortaksering" etter at takst har stått i 10 år.

Formannskap/Plan og Økonomiutval kan

  • krevja takst lagt fram for sakkunnig ankenemnd.
  • handsama søknad om fritak frå eigedomsskatt i samsvar med §28 i eigedomsskattelova.

Sakkunnig nemnd skal

  • ta stilling til takseringsmetode.
  • gjennomføra analyse over verdiutvikling, sjablongtakstar og takseringsprinsipp.
  • sikra kvalitet gjennom revisjon og kontroll av administrasjonen sitt arbeid.
  • vedta framlegg til takstar som administrasjonen legger fram.

Sakkunnig  ankenemnd skal

  • ta stilling til klagar på takst, med utgangspunkt i likehandsaming og gjeldande marknadsverdi ved førre alminnelege taksering.

Likningsmyndigheitene skal

  • taksera vasskraftanlegg i kommunen (produksjonsanlegga).

Administrasjonen skal

  • forvalta eigedomsskattelova innanfor rammene lova og aktørane ovanfor, trekkjer opp.
  • skaffa grunnlag for vedtak i kommunestyret, formannskapet, sakkunnig nemnd og sakkunnig ankenemnd. 
Fann du det du leita etter?