Matrikkel og eigedomsfakta

Faktainformasjon om eigedomar vert henta frå det kommunale Matrikkel-registeret. Matrikkelen inneheld data om Grunneigedomar, eigarar, Adresser og Bygningar. Registreringar i Matrikkelen skjer etter registreringsinstruksen laga av Statens Kartverk.

For å sikra at me har korrekte opplysningar om dei eigedomane som skal takserast, skal me kvalitetssikra alle relevante opplysningar i Matrikkel-registeret.
Dette vert gjort i 3 steg:

  1. Samanlikna opplysingar med byggesaksarkiv
  2. Kontroll med å sjå eigedomen. I dei tilfelle me finn avvik/manglande arealstorleik på bygningar, vert dette målt på staden.
  3. Utskrift av registrert faktainformasjon vert sendt til eigar for kontroll.

I samband med takseringsarbeidet er det fyrst og fremst desse opplysningane me nyttar frå Matrikkelen:

  • Eigedomsidentifikasjon (gardsnr., bruksnr., seksjonsnr., festenr.)
  • Type eigedom
  • Areal på eigedom
  • Kva bygningar som er oppført på eigedomen
  • Areal pr. etasje på eigedomen
  • Antal bueiningar pr. eigedom

Når det gjeld areal på bygningar, tek ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggane på bygningen. Arealet vert målt for kvar etasje. Me grupperer etasjane i:

  • Kjellaretasje
  • Underetasje/sokkeletasje
  • Hovudetasje(r)
  • Loftsetasje

Dette er den same gruppering som Matrikkel-registeret nyttar. For nærare skildring av etasjedefinisjonar og arealmåling viser me til Statens Kartverk sin Instruks for registrering av Matrikkel-data.

Vil du vita meir om Matrikkelen, kan vi anbefale desse lenkjene:

https://www.kartverket.no/

https://www.kartverket.no/eiendom/eiendomsinformasjon/matrikkelen/