Klage på taksten

Dei som får ny eller endra eigedomsskatt, får melding om dette i eige brev i slutten av februar i gjeldande skatteår, før fakturering av 1. termin i skatteåret. Dersom ein meiner taksten er feil, kan ein klage på denne. Det må klagast skriftleg innan seks veker etter at ein har fått melding om takst.

Klagefrist for 2019 er innan 12.04.2019

 

Eventuell klage skal sendast til:

Voss kommune                                                                                                                                         Eigedomsskattekontoret

Postboks 145

5701 Voss

Klagen vert handsama av ei nemnd som er politisk valt. Klagar vil få beskjed om berekna sakshandsamingstid. Faktura for eigedomskatt må betalast, sjølv om klagen ikkje er handsama før forfallsdato. Viss klagaren får medhald, vil eventuelt for mykje innbetalt eigedomsskatt verta refundert på neste terminfaktura.