Eigedomsskatt i Voss kommune

Kommunestyret gjorde vedtak om eigedomsskatt i heile kommunen f.o.m. skatteåret 2010. Eigedomsskatten vert skriven ut i samsvar med eigedomsskattelova, samt vedtekter vedtekne av kommunestyret.

Alle eigedommar som skal ha eigedomsskatt, får fastsett ein takst som skal tilsvara antatt marknadsverdi pr. 01.01.2010. Kommunestyret fastsette eigedomsskattesatsen for 2018 til 3,0 promille for bustadeigedomar, utan bruk av botnfrådrag, og 7 promille for næringseigedomar.

I fylgje eigedomsskattelova, skal alminneleg taksering skje kvart 10. år. Sist Voss kommune gjennomførte alminneleg taksering, var i 2010. Dette var ein eineståande sjanse til å få rydda opp i Matrikkelen, noko som i tillegg førte til meir rettferdig fakturering av gebyr for vatn, avløp og eigedomsskatt.

 

Synfaring av nye og endra eigedommar for eigedomsskatteåret 2019

Frå midten av april  2018 og ut februar 2019 skal alle nye eigedomar, og bygg som er endra eller tekne i bruk i løpet av 2018  takserast.

Dette er ei utvendig synfaring, og det er ikkje nødvendig at eigar er tilstades under synfaringa.

For meir informasjon kontakt eigedomsskattekontoret man-fre kl.10.00 - 14.00 telefon 96 09 77 37 eller e-post: mira@voss.kommune.no

Fritak etter § 7 a og b, skatteåret 2019

Søknadsfrist for fritak etter § 7 a og b, er innan 30.11.2018.
Søknaden kan sendast til:
Voss kommune
Postboks 145
5701 Voss

eller på epost: postmottak@voss.kommune.no

Fann du det du leita etter?