Gjennom modellkommuneprosjektet vil Voss kommune skapa ein «Trygg oppvekst».
Målet er at born med foreldre som er psykisk sjuke og/eller misbrukar rusmiddel skal bli fanga opp og sett i større grad enn før. Ved å identifisera desse borna og familiane på eit tidlegast mogleg tidspunkt kan me koma i forkant av vanskane og med det sikra borna god nok omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter.
Dette skal skje mellom anna gjennom nettstaden helsevoss.no der både born, familie, tilsette i barnehage, skule og helsevesenet kan finna informasjon om korleis ein kan førebyggja, avdekka og handtera situasjonar der born og familiar treng hjelp.
Voss kommune innfører også ein ny rutine for oppstartssamtale i barnehage, der tilsette spør alle foreldra dei same spørsmåla. Tema for samtalen er; den fyrste tida og barnet som person, familie og nettverk, kvardag og samspel i familien, helse, vald/overgrep, alkohol/rusmidlar, andre opplysningar og foreldra sine forventningar til barnehagen.
Sjølve modellkommuneprosjektet er i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Kommunar søkjer tilskot til å delta i prosjektet. Når ein kommune blir ein modellkommune, har kommunen laga ein heilskapleg, tverrsektoriell modell for arbeid med utsette born. Meininga er å utvikla modellar for identifikasjon og oppfylging av born av psykisk sjuke foreldre, og/eller born med foreldre som misbruker rusmiddel. Les meir om modellkommuneprosjekt på Bufdir sine heimesider og gå også inn på Voss kommune si side for Trygg oppvekst.