Zero - arbeid mot mobbing

Klikk for stort bilete

 

 

Skulane i Voss kommune arbeider med Zero-programmet. Null-toleranse for mobbing, aktiv involvering i heile skulemiljøet og forplikting står sentralt i Zero-programmet. Tilsette, elevar og foreldre skal bli involvert, slik at alle partar får eit eigartilhøve til Zero. Arbeidet mot mobbing skal opplevast som viktig av alle aktørgruppene. Null-toleranse og aktivt arbeid for eit mobbefritt miljø skal vere eit sentralt mål i Zero. Både tilsette, elevar og foreldre må vere trygge på at mobbing ikkje blir tolerert.

Skulen sine rutinar og normer skal gjera at ein kan førebygge mobbing, at mobbing blir avdekka, og at mobbesaker blir løyste. Dette er eit kontinuerleg arbeid ved skulane.

Det kan setjast opp i fire mål for Zero-arbeidet:

  1. Skulen skal ha gode rutinar for avdekking av mobbing som skjer på skulen.
  2. Skulen skal ha gode rutinar for konstruktiv løysing av mobbesaker.
  3. Skulen skal førebyggje mobbing gjennom si daglege verksemd.
  4. Arbeidet mot mobbing skal vere ein del av skulen sitt kontinuerleg arbeid.

(Kjelde: www.uis.no/saf)

 

Fann du det du leita etter?