Syns- og audiopedagogisk teneste

Syns- og audiopedagogisk teneste gjev hjelp til personar som har syns- eller høyrsleproblem.

Tenestene er gratis, og det er inga aldersavgrensing.

Syns- og audiopedagogisk teneste har ulike oppgåver. Dei viktigaste er:

- Greie ut / kartleggja høyrsle- og synsfunksjonar
- Gje fagleg råd og rettleiing til brukarar, føresette, lærarar og anna personale i barnehage og skule, og til helsepersonale og arbeidsgjevarar
- Leggja til rette og vera rådgjevarar ved praktiske og tekniske tiltak for barn, unge og vaksne med særskilde behov i heim, skule eller på arbeidsplass
- Vera sakkunnig utgreiar for PPT i saker som gjeld høyrsle- og synsvanskar
- Prøva ut hjelpemiddel, også datateknisk og elektronoptisk utstyr
- Gje opplæring til brukarar av elektronoptiske hjelpemiddel (lese-TV)
- Delta i oppbygging av nettverk kring brukarar og mellom hjelpeinstansane
- Halda kurs for brukarar, føresette, tilsette i barnehage og skule, helsepersonale og andre samarbeidspartar

Desse tenestene er gratis for brukaren.



Kontaktinformasjon:

Syns- og Audiopedagogisk Teneste

Møllendalsveien 1A

5009 Bergen

 

Telefon 53 03 72 50.

 

e-post: synogaudio@bergen.kommune.no