Skulestad skule

Klikk for stort bilete

Skulestad skule ligg i Skulestadmo, ved E16 ca. 3 km nord for Voss sentrum. Skulen har fine omgjevnader, med fjella Lønahorgi og Hanguren, alpinanlegget Bavallen og Melsvatnet i nærleiken. Skulen har eit svært godt uteområde som er veleigna til aktivitet heile skuleåret. Skulestad skule er ein 1.-7.-skule med 152 elevar og 26 tilsette skuleåret 2018/19.

Kontakt skulen

   

Kontor:        417 04 933      Skulestad.skule@voss.kommune.no
Rektor:        917 00 179 Strandavegen 334
Konst. Ass. rektor: 934 27 402 5710 Skulestadmo  
SFO:           918 68 011        

     

 

Pedagogisk tilbod

  • SFO kvar dag morgon og ettermiddag.
  • Tilbod om leksehjelp på SFO skuleåret 14/15 .
  • «Fysisk»: Elevane har 20 min. tilrettelagd fysisk aktivitet kvar dag i form av leikar arrangert av elevar i 6.-7. klasse, tur- og sykkelløype og fellesleikar.
  • «Fysak»: Lærarstyrt aktivitet med fagleg innhald, til dømes mattebingo, adjektivstafettar, bokstavorientering og gloserebus.
  • Semester 3: Gjennom tre veker om våren har alle klassar alternativ opplæring i nærmiljøet med vekt på kultur, historie, bedriftsbesøk og gardsbesøk.
  • Entreprenørskap: 4. klasse deltek kvart år i samarbeid med einærmiljøbedrift.
  • Zero-elevar: Som Zero-skule har me fire elevar i 6. og 7 klasse som har eit særskilt ansvar for å setja i gang aktivitetar som fremjar eit godt skulemiljø.

Visjon

Ein god plass å vera, ein god stad å læra

Skulestad skule skal ha ein skulekultur som fremjar læring, trivsel og likeverd. Me skal stimulera elevane sine sterke sider slik at dei held fram med å vera nysgjerrige, lærelystne og aktive. Oppleving av meistring er avgjerande for utvikling og læring.  Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som vert forventa av dei. Elevane skal få tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet. Elevane skal få vita korleis dei kan forbetra seg. Som Zero-skule har me nulltoleranse for mobbing, og i samarbeid med heim og skule arbeider me for eit inkluderande og trygt skulemiljø. For å sikra eit godt læringsutbyte er gode relasjonar mellom born og vaksne grunnleggjande.  

     

Fann du det du leita etter?