Skuleskyss

Hordaland fylkeskommune er ifølgje opplæringslova ansvarleg for skuleskyss for elevar i grunnskulen, og har vedtaksmynde i slike saker.

Dette gjeld ikkje skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg under 2000 m for elevar i 1. årssteg, og 4000 m for elevar frå 2. åssteg. I slike saker har kommunen vedtaksmynde.

Vegar som Utval for levekår har gjort vedtak om er særleg farlege eller vanskelege skulevegar, finn de under lenkja “Fri skuleskyss under skyssgrensa” i margen til høgre.

Søknadsskjema for fri skuleskyss under skyssgrensa finn de under lenkja “Søknadsskjema om fri skuleskyss” i margen til høgre.

Reglar for skuleskyss, utarbeidd av Hordaland fylkeskommune, finn de under lenkja Eksterne lenkjer “Skuleskyssreglar”. Under “Skoleskyss” til venstre på nettsida til Hordaland fylkeskommune avd. samferdsel, finn de m.a. “Handbok for grunnskoleskyss”.

På same nettside som ovanfor finn de også “Cert – bestilling og søknad om skoleskyss”.  Dette er rettleiing/bruk for skulane, ikkje til foreldre, sjølv om det er ei lenkje som heiter “Rettleiing for søknad om skyss – elevar og føresette”.

Treng de meir informasjon, vend dykk til rektor ved skulen eleven høyrer til, eller kommunalavdeling oppvekst. 

 

 

Fann du det du leita etter?