Gjernes skule

Klikk for stort bilete

Gjernes skule er ein fulldelt barneskule frå 1. til 7. klasse. Dette skuleåret har skulen ca. 135 elevar og 24 tilsette. Skulen er lokalisert sør for Vangsvatnet, eit par kilometer frå sentrum. Skulen har eit stort og godt uteområde, og er flott plassert ved inngangen til Gjernesmoen og Bordalsgjelet. Skulen er nyleg bygd om og har fått eit flott nybygg med gymsal, amfi og administrasjonsdel. Frå mars 2016 er inntaksområdet utvida til å omfatte Bordalen. Skulen har SFO-tilbod kvar dag frå 07.45- 08.30 og 13.45- 16.15.

Kontakt skulen

 

Adresse: Gjernesmoen 8, 5700 VOSS
E-post: gjernes.skule@voss.kommune.no
Telefon skule: 56 51 47 40
Telefon SFO: 94 86 10 64
Mobil rektor: 957 07 696

   

     

Pedagogisk tilbod

  • «Betre læringsmiljø»
  • Verdi og visjonsarbeid for verksemda.
  • Lese- og skriveopplæring.
  • Gjernes skule er ein ZERO-skule og me jobbar aktivt med eit godt skulemiljø.