Garden

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

 

             

Voss kommune har eit opplæringstilbod der gardsopplevingar står på timeplanen. Tiltaket vert kalla GARDEN og held til på garden Lirhus i Skulestadmo. Klassar frå skulane får eit pedagogisk opplegg der elevane får innsikt i og kunnskap om livet på garden. Det pedagogiske innhaldet er tilpassa dei ulike klassetrinna, og oppgåvene er sett i samanheng med kunnskapsmåla i K-06. Læringa på GARDEN gjev elevane ei praktisk tilnærming til kunnskap.  Opplæringa tek utgangspunkt i kva som skjer på garden gjennom året. Dei fylgjer årssyklus i plante- og dyrelivet, og knyter det opp til lokale og globale handverks- og matlagingstradisjonar.  

 

Fann du det du leita etter?