Evanger skule

Klikk for stort bilete

Evanger skule ligg i Voss kommune, ca. 20 km frå Vossevangen i retning mot Bergen. Skulen har for tida 45 elevar fordelt på fire grupper, og 12 tilsette. Då er alle inkludert. Me er ein ZERO-skule som jobbar aktivt for at skulemiljøet skal vera triveleg for alle.

Skulen har og tilbod om SFO til elevane i 1.-4. klasse. Opningstida er frå 07.30- 16.15 kvar dag. På SFO får elevane eit varmt måltid når dei er ferdig med leksehjelpa, som vert gitt til elevane i 2.-4 klasse dersom foreldra ynskjer dette. Leksehjelpa er eit gratistilbod.

Rektor ved skulen heiter Jan Morten Høylo

 

Kontakt skulen

 

E-post: evanger.skule@voss.kommune.no

Telefonnummer:

41704935

99377143

 

Knute Nelson-gata 26, 5707 Evanger

 

 

Pedagogisk tilbod

Me held fram med STL+ , å skriva seg til lesing – med lydstøtte, for elevane frå 1.-3.klasse. Dei startar då opp med å skrive på PC. Elevane brukar høyretelefonar slik at dei høyrer bokstavlyden når dei skriv.

 

Visjon

Evanger skule sin visjon er å vera ein skule som har eit skulemiljø som er inkluderande, eit læringsmiljø som er stimulerande – med eit personale som får vera i utvikling, mellom anna når det gjeld den teknologiske utviklinga i skulesektoren som vi er ein del av.

     

Fann du det du leita etter?