Den kulturelle skulesekken (DKS)

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelever i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Fylkeskommunen gir ulike tilbod regionalt, både til grunnskular og vidaregåande skular. I tillegg vert det kvart skuleår utarbeidd eige lokalt program for grunnskulane i Voss kommune. Målet er at alle klassetrinn skal få minimum eitt tilbod i løpet av skuleåret.

Kulturtilboda skal vera av høg kvalitet, og visa breidda av kulturuttrykk: Scenekunst - Visuell kunst - Musikk – Film - Litteratur – Kulturarv.

I eit samarbeid mellom kultur og skule skal det sikrast god forankring og mangfald i tilboda. Voss har mange lokale utøvarar og institusjonar som er faste aktørar i DKS, og elles vert det samarbeidd med utøvarar utanfor kommunen. Som regel vert tilboda gitt ved den einskilde skule.

Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for organiseringa av DKS, og samarbeider med kulturkontaktar og leiarar ved skulane om dette.