Bjørgum Skule

Klikk for stort bilete

Bjørgum skule er ein fulldelt 1. – 7. barneskule. Skulen ligg flott til i eit variert og naturfint uteområde. Bjørgum skule disponerer kunstgrasbane og ballbinge i alle friminutt og elles i skuletida. På uteområdet har skulen amfi med tribunesitjeplassar til 150 personar. Amfiet har scene med overbygd tak. På amfiscenen er det innlagt straum. Bjørgum skule har musikkbinge som inneheld øvingslokale og ulike instrument. Musikkbingen vert systematisk brukt i musikkundervisninga, og ved øvingar etter skuletid av dei eldste elevane. Elles på uteområdet har elevane tilgang til tre bordtennisbord, balanse/klatretau, turnstativ og sosial sone med bord og benkar. Mykje av uteområdet er planlagt og gjennomført i eit samarbeid mellom skulen og FAU/foreldra. Det er eit godt samarbeid med FAU/foreldra i krinsen. Bjørgum skule har stabilt personale i alle ledd, og er ein skule prega av ro og harmoni.

Kontaktinformasjon Bjørgum skule

Kontor: 56 51 76 94 bjorgum.skule@voss.kommune.no
Rektor: 91 77 34 68 Tjørnahaugane 60
SFO: 94 87 82 52 5709 Voss

       

 

Pedagogisk tilbod

 

  • Skuleåret 2018 / 19 er det 146 elevar fordelt på 8 klassar og 24 tilsette ved skulen.

  • SFO har 34 born, tilbod kvar dag 07.30-08.30 og 13.45 – 16.15. SFO er stengd på skulen sine planleggingsdagar.

  • Skulen har leksehjelp måndag-torsdag for elevar i 2.-4. klasse.

  • Musikkbinge med instrument og øvingslokale til bruk i undervisninga og etter skuletid.

  • Bjørgum skule har fokus på høgt læringstrykk fagleg og sosialt.  

  • Kunstgrasbane m / ballbinge

  • Amfi m/ scene

  • Utegrill i sosial sone.

 

Visjon

Skulen skal gje kunnskap og kompetanse til elevane, slik at dei kan ta kloke val og meistra livet sitt på ein god måte, no og i framtida.