Korleis kontakta PPT?

Tilmelding til PPT skal skje skriftleg, på eige tilmeldingsskjema.Skjema finn du i menyen til høgre på framsida til PPT

Det er eit eige tilmeldingsskjema for vaksne.

Når barnehage og skule er medtilmeldar, skal pedagogisk rapport leggast ved frå barnehagen/skulen.

Foreldre kan sjølve tilmelda barnet til PPT utan at skule eller barnehage treng vita det. Når andre enn foreldra ynskjer at barnet skal koma til PPT, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingsskjemaet.

Unge over 15 år kan sjølve ta initiativ til kontakt med tenesta, eventuelt i samarbeid med skulen.

Klassar og barnehageavdelingar kan òg meldast til PPT.

Ved PPT Voss arbeider fagfolk med ulik bakgrunn og røynsle. PPT hjelper til med å leggja tilhøva best mogeleg til rette for eleven/barnet og familien. Tilsette ved PPT har teieplikt.

Alle hjelp frå PPT er gratis.

 

Fann du det du leita etter?