Integrering og vaksenopplæring

Integrering og vaksenopplæring har ansvar for arbeidet med busetting, integrering og opplæring av flyktningar som vert busett i kommunen etter avtale med IMDi og BUF-etat, og deira familie.  Eininga består av


- Voss Vaksenopplæring, med ansvar for norskopplæring for vaksne innvandrarar, eksamensretta grunnskule og grunnskule med spesialpedaogikk for vaksne
- Integreringstenesta, med ansvar for busetting, oppfølging og introduksjonsprogram
- EM-tiltaket, med ansvar for busetting og oppfølging av einslege mindreårige flyktningar

Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familie skal kunne ta ansvar for eigen livssituasjon, og finne seg til rette i skule, arbeid, nærmiljø og samfunnsliv.  I eininga sine tenester skal ein bli møtt med respekt, høflegheit og fagleg kompetanse, uavhengig av sosial status, historie, etnisk opphav, tru, kjønn eller alder.

 

Kontaktinformasjon:

Postadresse: boks 145, 5701 Voss

Leiar Integrering og vaksenopplæring: tlf. 56 52 32 11 / 979 97 145
Voss Vaksenopplæring: tlf. kontor 56 51 94 90  Rektor tlf. 481 31 149
EM-tiltaka, leiar: tlf. 970 50 356
Flyktningtenesta, teamleiar introduksjonsprogram: tlf. 979 97 146

Meir informasjon finn du på avdelingane sine eigne sider, sjå meny til høgre.

 

Fant du det du lette etter?