Program for skulehelsetenesta

Målet for skulehelsetenesta

  • Skulehelsetenesta skal arbeide for å fremja elevane si totale helse, og førebyggje sjukdom, skade eller lyte.
  • Skulehelsetenesta skal i samarbeid med heim, skule, og det øvrige hjelpeapparatet i samfunnet arbeide for å løyse helseproblem (fysiske, psykiske, el. sosiale) som knyter seg til skulesituasjonen.


1. klasse: 

  • Skulestartkonsultasjon ved helsesøster og skulelege
  • Vaksine mot difteri/stivkrampe/polio og kikhoste

3. klasse: 

  • Høgdemåling/vektkontroll
  • Samtale saman med føresette

6. klasse:

  • Vaksinasjon: MMR (meslingar, kusma og raude hundar)

7. klasse: 

  • Vaksinasjon: HPV (Humant papillomavirus) for jenter
  • Høgdemåling og samtale om førebyggjande helse

8. klasse

  • Helsesamtale i gruppe

9.klasse:

  • Seksualundervisning

10. klasse:

  • Vaksine mot difteri/stivkrampe/polio og kikhoste

 

I samråd med heimen kan elevar og foreldre/føresette få tilbod om individuell oppfølging utanom det faste programmet.

Det vert òg gitt undervisning og rettleiing i ulike helserelaterte emne i klassar og grupper, for å styrka eleven sin kunnskap om og ansvar for eiga helse.


Skuleteam

Teamet er sett saman av ein representant frå skulen v/rektor, helsesøster, psykologisk-pedagogisk-tenestekontor (PPT) og barneverntenesta. Målet med samarbeidet er å bidra til at born som av ulike grunnar treng ekstra stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp.Dersom elevar skal drøftast med namn, skal det vera henta inn løyve frå foreldre/føresette.


Ta gjerne kontakt med skulehelsetenesta.

Helsesøster er koordinator for skulehelsetenesta, og kan også formidla kontakt med bl.a. fysioterapeut, skulelege og psykolog.