Jordmortenesta

I Norge er helseoppfølging ved graviditet eit gratis, offentleg tilbod som du kan velja å nytte deg av.

Jordmor tilbyr helsekontroll, informasjon og samtalar gjennom heile svangerskapet.

Jordmor samarbeider med fastlegen din i samsvar med eit program både jordmor og legane på Voss er samde om. Du kan likevel sjølv velje kvar du vil gå til undersøking, berre lege eller jordmor, eller ein kombinasjon av lege/jordmor.

Andre samarbeidspartnarar er helsesøster, NAV eller psykolog dersom du ynskjer det.

Jordmor kan tilvise til fødeavdelinga dersom det er naudsynt.
Det er tilbod om omvising ved fødeavdelinga på Voss Sjukehus.

Jordmor treff du på Voss helsestasjon, Uttrågata 15.
Postadresse: Pb. 318, 5702 Voss. Telefon: 56533040

 

Fann du det du leita etter?