Helsetilbod til asylsøkjarar

Innhald i helsetenesta:

  • Asylsøkjarar har rett til naudsynt helsehjelp
  • Informasjon til brukarane om asylhelsetenesta vert sikra gjennom samarbeid med Voss mottak

 

Med bakgrunn i Veileder IS-1022: «Helsetjenestetilbud til asylsøkere og flyktninger» er fylgjande tiltak prioriterte:

  1. Oppfølging av funn ved tuberkulosekontroll som er utført i transitt. Det er lovpålagd å tilby BCG-vaksine til uvaksinerte.
  2. Ordne fastlege for alle asylsøkjarar. Dersom dei har fått avslag på asylsøknaden, har dei ingen rett på fastlege, men må ta kontakt med legevakt når dei er sjuke.
  3. Individuell samtale med helsesøster, undersøking for relevant smittevern, somatisk og psykisk helsetilstand. Gje tilbod om blodprøvar etter tilråding i rettleiaren.
  4. Helseundersøking ved lege for barn og familiane deira. Helsesøster og lege følgjer opp barn vidare med kontrollar og rettleiing. Ein følgjer norsk vaksineprogram ut skulealder med tillegg av Hepatitt B-vaksine.
  5. Dersom helsesyster i samtale avdekkjer at nokon har trong for nærmare vurdering/behandling i forhold til  smittsame sjukdomar, fysisk eller psykisk sjukdom, får dei time til helseundersøking/ legeundersøking.
  6. Helseundersøking etter asylsøkjaren sitt eige ynskje.

 

I alt arbeidet er det viktig å nytte tolk. Det er mest tolking pr. telefon som vert nytta.

Helsesøster gjev også helseinformasjon for bebuarane i mottak.

 

Fann du det du leita etter?