Helsestasjon for ungdom

På helsestasjon for ungdom møter du helsesøster og lege som du kan snakke med om emne du er oppteken av. Tilbodet er gratis, og dei tilsette har teieplikt.

Døme på ting du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen/mobbing
  • At du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjon
  • Slanking og etevanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien                                       

På helsestasjon for ungdom har me eigen kø for gutar.

 

Me kan og hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvising til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Prøvar på og behandling av kjønnssjukdomar

Kontaktinformasjon:

Helsehuset, sokkelhøgda, Uttrågata 15, 5700 Voss.
Telefon: 56533040. Telefaks: 56519659  

Opningstid: Måndag kl.15.00-17.00.
Her treffer du: Helsesøster, lege og psykolog



 

 

Fann du det du leita etter?